Enkelte år kan ein god slump torskelarvar frå Lofoten hamne ved Nordaust-Grønland. Dette kan bli eit nytt leveområde for den nordaustarktiske torsken.

Den nordaustarktiske torsken gyt frå Borgundfjorden utanfor Ålesund i sørvest til grensa mot Russland i nordaust.

Vanlegvis fører vind og straum torskelarvane og yngelen frå gyteområda og inn i Barentshavet. Hovudtyngda av gytinga går føre seg i Lofoten-området. No viser nye modellar av havstraumane at torskelarvar frå Lofoten innimellom kan hamne heilt borte ved Nordaust-Grønland.

– Enkelte år skil vind- og straumforholda seg frå det som er vanleg, og då er larve- og yngeldrifta annleis enn i normalår. Då kan ein stor del av både torskelarvar hamne i Norskehavet, fortel Strand.

– Derfrå driv nokre av dei nordover mot vestkysten av Svalbard, og i neste omgang blir nokre utbrytarar frå denne gruppa tatt med straumen over Framstredet og til kysten av Nordaust-Grønland.

År om anna driv det torskelavar og yngel frå Norskekysten til Nordaust-Grønland. Kjersti Opstad Strand og kollegene hennar har brukt straummodellar som likner kjente vêrmodellar når dei har rekna seg fram til kor ofte det driv torskelarvar og -yngel frå Lofoten og til Nordaust-Grønland – og kor mykje som endar opp der. Forskarar får UiT Norges arktiske universitet har funne vaksen torsk ved Nordaust-Grønland, men det er ikkje dokumentert kor han kjem frå. Foto: Kart: Kjersti Opstad Strand / Havforskingsinstituttet

Store variasjonar

Strand har nyleg publisert ein studie om temaet i det vitskapelege tidsskriftet Frontiers in Marin Science saman med kollegaene Svein Sundby, Jon Albretsen og Frode B. Vikebø.

– Nokre år er det mindre enn ti prosent av larvane som driv ut i Norskehavet, andre år kan det vere inntil 30 prosent. For å gjere det enkelt kan vi kalle dei for «norskehavslarvar», forklarer Strand.

Havforskingspioneren Johan Hjort studerte dette fenomenet tidleg på 1900-talet. Sidan den gongen har det vore kjent at larvane og yngelen som flyt i dei frie vannmasssane driv ut i den nordaustlege delen av Norskehavet.

Den vidare lagnaden deira har vore eit mysterium i alle år. No stadfester altså modellresultata at ein stor del av yngelen og larvane driv ut i Norskehavet. I tillegg kan modellane fortelje oss noko om den vidare skjebnen.

– Då ser vi at nokre av norskehavslarvane kan finne vegen til Nordaust-Grønland, men på langt nær alle, fortel Strand.

I perioden 1978–91 dreiv mellom null og fire prosent av norskehavslarvane heilt til Nordaust-Grønland – med unntak av to år. I 1983 kryssa 7,3 prosent av dei Framstredet, medan toppåret var i 1986. Då blei meir enn tolv prosent av desse norskehavslarvane ført til Nordaust-Grønland med vind og straum.

– Det kan hende at reknestykket vårt er litt intrikat. For å oppsummere kan eg seie at det som regel er få eller ingen torskelarvar som driv frå Norskekysten til Nordaust-Grønland, mens det kan vere monalege mengder i einskilde år, fortel Strand.

Finn vegmat

Strand og kollegaene hennar har brukt straummodellar som likner kjente vêrmodellar når dei har rekna seg fram til kor ofte det driv torskelarvar og -yngel frå Lofoten og til Nordaust-Grønland – og kor mykje som endar opp der.

– Larvane og yngelen må ha mat på ferda frå Lofoten til Nordaust-Grønland. Andre studiar viser at det sannsynlegvis er tilstrekkeleg med dyreplankton både i Norskehavet og på resten av vegen mot nord og vest. Dermed finn larvane og yngelen vegmat og kan halde seg i live i dei månadane dei driv av garde, seier ho.

Vaksen torsk med ukjent opphav

Forskarar frå UiT Noregs arktiske universitet har funne vaksen torsk ved Nordaust-Grønland, men dei har ikkje slått fast at desse fiskane er skrei som har hatt Lofoten som fødestue. Derfor er genetikarar ved UiT i gang med å ta DNA-prøver for å kartlegge dette nærare.

– Eg er kjempespent på resultata dei kjem fram til. Førebels manglar vi biologisk dokumentasjon på at larvar frå Lofoten blir til vaksen torsk ved Nordaust-Grønland, seier Strand.

Det er også uvisst om skrei som eventuelt har vakse opp ved Grønland klarer å finne vegen tilbake til Lofoten.

– Vi kjenner ikkje til noka form for dokumentasjon som stadfestar eller avkreftar slik samanheng, men vi veit at det finst forteljingar blant fiskarane om dette. Ifølge sogene skal det av og til bli tatt såkalla grønlandstorsk i fangstar i områda frå Lofoten og nordover mot Svalbard. Torsk som etter seiande kjem frå Grønland, skal ha andre ytre trekk enn skrei frå Barentshavet. Norske fartøy dreiv torskefiske ved Grønland både før og etter den andre verdskrigen. Fiskarar som hadde deltatt i grønlandsfisket, meinte at dei kjente igjen torsk som var ulik den vanlege skreien. Slikt er spennande, og eg er svært interessert i meir informasjon om dette, avsluttar Strand.

Referanse:

Kjersti O. Strand m.fl: The Northeast Greenland Shelf as a Potential Habitat for the Northeast Arctic Cod. Frontiers in Marine Science. 2017. DOI: 10.3389/fmars.2017.00304.

Forrige artikkelUP tok narkopåvirket bilfører uten førerkort
Neste artikkelNy ung mann tatt med promille