Ber om to milliarder kroner til ny militær flystasjon på Evenes

f-35 kampfly
Foto: Forsvaret

Regjeringa ber Stortinget godkjenne investeringar på om lag to milliardar kroner som skal dekka fasilitetar knytt til kampflya og fasilitetar knytt til dei maritime patruljeflya.

Evenes flystasjon skal både vere NATOs base for kampflyberedskap og base for Forsvarets nye maritime patruljefly, skriver Forsvars departementet i en pressemelding.

Fasilitetar til kampfly

Fasilitetane til kampflya må tilpassast og oppgraderast for å ivareta daglege operasjonar med trening, øving og beredskapsoppdrag. Prosjektet omfattar difor tilpassing og oppgradering av fire av dei spredde kampflyhangarane som skal brukast til oppbevaring, klargjering og lettare vedlikehald av kampflya som står på beredskap. Vidare blir ein hangar tilpassa for å ivareta meir omfattande vedlikehald av kampfly.

Hangaren kan og nyttast til utbetring av fly som ikkje kan fly tilbake til Ørland for eiga maskin. Denne hangaren vil få ei naudsynt oppgradering av straumforsyninga og ventilasjonsanlegget. I tillegg vil det her leggast til rette for vask av kampflya.

Prosjektet vil dessutan omfatte bygging av eit vakt- og beredskapsbygg og fasilitetar for planlegging av operasjonar, trening og øving for NATO sin kampflyberedskap, med tilhøyrande rom for orienteringar. Vakt- og beredskapsbygget vil ha forlegning, høve for enkel forpleiing, operasjonsplanlegging og etterarbeid, samt tilstrekkeleg plass til beredskapstyrken for opptil ei veke om gongen. Som del av prosjektet vil det også bli bygd eit oppfangingssystem for kampfly på rullebanen.

Kort avstand mellom vakt- og beredskapsbygget, hangarane til kampflya og vedlikehaldsfasilitetane vil gi ei effektiv handtering av flya på bakken og sikre krava til operativ evne. Fasilitetane er planlagde å stå klar sommaren 2021.

Fasilitetar til patruljeflya

Fasilitetane knytt til patruljeflya skal støtte, drifte og vedlikehalde inntil fem fly på dagleg basis.

Byggeprosjektet inneber etablering av ein hangar med plass for tre fly, der to plassar er til vedlikehald og ein til vask av flya. Vidare inneheld prosjektet administrative fasilitetar både for flyskvadronen og vedlikehaldsskvadronen. I tillegg areal for dei ulike verkstadfasilitetane og teknisk lager samt verkstad- og lagerfasilitetar for bakkeutstyr og redningsutstyr. Det skal og etablerast oppstillingsplattformar for flya, plattform for lasting av ammunisjon og utandørs spyleanlegg.

Fasilitetane vil bli lokaliserte på ein kompakt måte på vestsida av rullebana heilt sør på Evenes flystasjon. Det sikrar ei arealeffektiv løysing med god utnytting av dei naudsynte ressursane for drift og vedlikehald av dei nye maritime patruljeflya. Kort avstand frå hangarane til verkstadane og administrasjonsfasilitetane er vesentleg for  ei kostnadseffektiv og optimalisert drift av flya. Dette vil gje ei trygg og effektiv handsaming av flya på bakken og sikre krava til operativ evne. Fasilitetane er planlagde å stå klar sommaren 2022.